Fleire jordkjellarar hos Even Golten

Det står tre jordkjellarar inne på eigedomen til Even Golten på Golta i Sund. Golten har funne flintstein og brotstykke av eit kokekar.

Even Golten ved ein av dei tre jordkjellarane. Denne har låg inngong.
Even Golten ved ein av dei tre jordkjellarane. Kjellaren har låg inngong. Det er ikkje godt å seie om det har budd folk her i oldtidssamfunnet.

På Golta i Sund står det mange jordkjellarar. Tre av dei er i eige av Even Golten. Den største vart modernisert kring 1930. På jordstykke utanfor har Golten funne ein flintstein og eit hjørnestykke av eit kokekar.

Ved den eine kjellaren har Golten funne flintstein og restar av eit kokekar.
Ved den eine kjellaren har Golten funne flintstein og restar av eit kokekar.

På ein av jordkjellarne har taka ramla ned. Denne jordkjellarane har ein svœrt låg opening.  Dersom det har budd før-Skottar på Golta, ville desse piktarane ha bygd hus men låg dør. Slik at dei måtte krype inn gjennom døra i huset.

Denne konstruksjonen var ein del av ein forsvarsteknikk, for å verna seg mot angripande Romerske soldatar.

Når du må krype inn i huset ditt, må fienden gjere det same. Når fienden stakk hovudet inn stod piktaren klar med øksa.

Dei gamle piktarhusa var bygde ned i bakken. Når dei stod i ei gruppe (cluster) var dei ofte knytt saman med underjordiske kanalar. Eit perfekt forsvarsverk for dei som måtte føre ein gerilliakrig mot fienden. Sjå videoen og høyr kva Even Golten seier om det han har funne.

Even Golten utanfor døra på den tredje kjellaren.
Even Golten utanfor døra på den tredje kjellaren.

Like ved snuplassen ved Golta står det også ei røykjestove tett ved vegen. Denne stova er i bruk.

Jordkjellane som står på Sotra og elles på Strilandet er ein del av ein keltisk byggeskikk frå oldtidssamfunnet. Dei mest moderne av desse kjellarane er bygd kring 1930 og nokre år frametter, og vart nytta som potetkjellarar.

Dei eldste kjente jordkjellarane står på øyer vest i Irland, og vart bygde kring 500 e.kr. Dei var hus og vandrarhytter som vart nytta av munkar som hadde vandra inn til Irland.

Jordkjellarane ligg på ei lita øy vest i Sund kommune.
Jordkjellarane ligg på ei lita øy vest i Sund kommune. Klikk for å sjå større foto.

Les meir om bruk av jordkjellarar opp gjennom tidene, ved å klikke på knappen “hus” øverst på heimesida.

Even Golten har restaurert nausta sine, og har ei ustilling av gamle båtar.

Ta kontakt med Even Golten på: egolten@online.no

Skriven av Ivar Fjeld

One thought on “Fleire jordkjellarar hos Even Golten

  1. Oppe på Haraldseid står det en jordkjeller (ukjent alder, den er ikke merket som fredet ennå). Haralseid ligger midt mellom Stavanger og Bergen, og en dro båter over eid/eide frem til 1930-tallet dersom en ikke ville gå gjennom Karmsundet (ved Avaldsnes), eller pasere ved Utsira, var det over Haralseid som var aktuelt for båter. Det finnes gravfelt fra jernalder på Haraldseid (fornminne). Ligger nå i Vindafjord kommune, tidligere Skjold i Nord Rogaland.

    Like

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s