For 10 år sidan DNA-testa eg 32 menn. 25 av dei Havstrilar med kjente-strile-fars-linjer. 17 av desse havstrilane har relevante DNA-treff på Mac Donalds klanen i Skottland, stadfesta av Family Tree DNA (FTDNA).

Mac Donald-klanen er høglands-skottar frå dei Indre-Hebridane. Klan-soga seier dei er etterkomarane etter Kong Somerled. Ein genetisk-blandings-klan som irene kalla Norse-Gales, eller «framand-Irer». Folk som snakka både irsk og norrønt.
At dei testa havstrilane har ein treff-rate på ca. 68 prosent på denne klanen, beviser ikke fars-slektskap med Mac Donalds-klanen. FTDNA dokumenterer det er 95 prosents sansynleg at ei slike fars-linje oppstod i tidsepoken 950 e.kr og 1.600 e.kr. 650 år er sjølvsagt lenge. Men saman med fleire ikkje-DNA-baserte likskaps-trekk, opnar DNA for at slike far-skap vart innstifta i tidsepoken til Kong Somlair (1100-1164 e.kr). Og funna av DNA-stikk-prøven styrker hypotesen om at strilen vandra inn til Bergens-området frå vest, etter at skattlanda gjekk tapt etter det sviande nederlaget ved Largs i Skottland i 1263 e.kr. At ordet “stril” finnes i både irsk og norsk, og betyr det same, er også med og styrkje hypotesen