Om oss

Strilaforskning er eit senter for forsking på strilen. Målet er å arbeide for å finne svar på kva som er opphavet til strilen. Det skal også skapast interesse og debatt knytt til problemstillingar der strilen sitt liv og lagnad er tema.

Strilaforskning skal bli eit senter der problemstillingar knytt til strilen vert drøfta og forska på.
Strilaforskning skal bli eit senter der problemstillingar knytt til strilen vert drøfta og forska på. Firma-namnet “Sotra kystby” er berre nytta som ein illustrasjon.

Forskninga skal vere organisert som ei forening, og har tre satsingsområde:

1. Grunnforskning
2. Oppdragsforskning
3. Turverksemd.

1. Grunnforskning:

“Det underliggjande grunnlaget for fenomen”.

Det er framleis ei gåte kva som er strilen sitt opphav. Er strilen ein del av urfolket i områda kring Bergen, eller har han flytta inn?

Til det føreligg eit svar på dette spørsmålet, vil kunnskapen om strilen vere avgrensa til skriftlege kjelder som strekkjer seg attende til omlag1500 e.kr.  Det har vore gjennomført få arkeologiske utgravingar som kan bringe lys over soga før dette, og inn i folkevandringstida.

Grunnforskning på opphavet til strilen er eit hovudoppdrag for Strilaforskning.no

Grunnforskning er i all hovudsak forskning på tema av ikkje-kommersiell art. Dei er knytt til humaniora fag som språk, kultursoge,etnologi, folklore, musikk, og etsitikk.  Kjelde for finansiering av slik forsking vil i all hovudsak kome frå offentleg sektor.

Oppdragsforkning:

Anvendt forskning er å finne praktiske måtar å presentere grunnforskninga på, og gjere kunnskapen tilgjengeleg og relevant.

Det er framleis ikkje avklåra kva som er opphavet til strilen.
Det er framleis ikkje avklåra kva som er opphavet til strilen.

Denne typen forskning kallar vi også  “Oppdragsforskning”.  Det er eit mål at ny kunnskap frå ulike typar forskning skal bli gjort tilgjengeleg på utstillingar og museum. Den kan gjerne bli presentert som ein del av eit program under ein konferasen eller på eit seminar.

I all hovudsak er nœringslivet den viktigste kunden.  Oppdragsforsning kan nyttast i samband med runde dagar, minnemarkeringar og jubileum. Produktet som vert produsert  kan vere eit hefte, ei bok, ein presentasjon eller ein film.  Målet er at strilen skal bli profilert og bli gjenstand for interesse og debatt. Strileforskning kan lage maskottar, slagord, og profileringsmateriell.

Private slektstemner kan vere ei kundegruppe, saman med lokale, regionale og nasjonale lag og organisasjonar.

Turverksemd:

For a skape større interesse for strilen og tema knytt til forskning på strilen, kan Strilaforsknibg skipe til turar og reiser. Både i inn-og utland.

Irland, Hebridane, Orkenøyane, Shetland, Fœrøyane og Island er opplagte reisemål.

Også soge-senter på Moster, Avaldsnes og lokale museum på strilandet er verd ei sogereise.

Det må skipast til sogevandringar lokalt i Fjell, Sund, Øygarden og dei andre strilakommunane kring Bergen.

Bak visjonen om Strilaforskning står:

Margit Apelthun, margit@apelthunhouse.com

Ivar Fjeld, ivarfjeld@yahoo.com

Asbjørn Landro, asbjoland@hotmail.com

Skriven av Ivar Fjeld

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s