Kulturinteresserte strilar drøfta strilen sitt gåtefulle opphav

Er strilen ein innvandrar frå øyane vest i havet, eller er han ein del av urfolket i områda kring Bergen? Strilen sitt opphav alltid vore ei gåte. Den gravande journalisten Ivar Fjeld har i tre år jakta på strilen si soge. No meiner han å ha funne eit viktig spor.
Laurdag 17. september var i overkant av 35 kulturinteresserte strilar samla til seminar om strilen i Connemara i Irland, på Libaskaien på Liaskjeret, Sotra.
Ivar Fjeld har dei siste åra reist tre turar i vesterled til Skottland, Orknøyane og Irland for å leite etter strilen. Og han fann spor etter han i Connemarra i Irland.
Med på reisene var også Asbjørn Landro, som er pensjonert lærar. På seminaret presenterte dei begge, med ulik vinkling, kva dei hadde funne på sine reiser.

Skjellsord
Strilen dukka opp i den gæliske folkloren i Connemarra. Og omgrepet lever enno i kyststrøka i Irland og i keltiske busetnader heilt borte i New Foundland. Stril er brukt både som eit skjellsord og ein identitet.
Kven som var prototypen på omgrepet stril, er det ingen som veit. Men Fjeld har ein teori om at vikingane røva med seg keltiske trellar heim til kysten av Noreg.
Medan nokre forskarar meiner at hypotesa er for tynn, meiner andre at dette er interessant.
På øyane rundt Bergen er det å vere stril framleis ein eigen identitet, som ein altså ikkje kjenner opphavet til. Dette vil mange strilar no forske på.
Forskning
Kultursjef Lennart Fjell påpeika at det er viktig å få forskning på bana før det fester seg eit inntrykk som kan vise seg å vere heilt feil.
– Dersom ein trur at strilane var eit eige folk frå vest i havet, så kan ein verte skuffa når fakta kjem på bordet, sa Fjell som har skrive masteroppgåve på strilen.
– Men det er viktig å finne ut kor strilaidentiteten kjem ifrå. Strilane har ikkje noko opphavsfortelling. Det er noko alle bør ha. Eg har sjølv lurt på kor vi eigentlig kjem ifrå, sa Fjell.
Fordekte strilar
– Strilen fortener å bli forska på. Men, med respekt å melde, så har forskarar ein tendens til å grava seg ned i eit spor som dei ikkje kjem seg opp ifrå, sa Svein Bergh frå Fjell.
Bergh har sjølv skrive eit essey om strilen, som han har framført i Fjell kommunestyret, der han sit som representant for Sotralista.
– Første skriftlige kjelde på omgrepet stril har vi frå tidleg på 1700-tallet, og det var nemnd ei kvinne frå Ostereidet. På den tida var Bergen by avgrensa til busetnadane kring Vågen. Bydelane som no er slukt av Bergen, var på den tida landsbygda. Så min påstand er at brorparten av bergensarane er fordekte strilar, sa Bergh.
Strilakommunen
– Eg veit ikkje kvifor er eg så interessert i dette som Ivar har funne om strilen, men etter meir eg høyrer, dess meir interessert vert eg. Islendingen Bergsveinn Birgissons bok om den omfattande slavehandelen ut frå Irland er veldig spennande, sa fiskebåtreder Peder O. Lie som har vore mykje på fiske vest for Irland.
– Vi må bruke dette seminaret til noko vidare, sa Lie.
– No skal Fjell, Sund og Øygarden slås saman til ein storkommune, og då er det viktig å forske på strilen si historie. Strilaidentiteten har vi som bur på øyane her vest felles, sa han.
– Vi må finne fram til strilane si soge og få i gang eit Strilaspel, var hans spenstige forslag.
Strilakrigen
Historikar Bjørn-Arvid Bagge er forfattar bak boka «En guide til Bergen anno 1765» saman med religionshistorikar Gina Dahl.
No i haust kjem han med ei ny bok om ei spesiell hending frå samme året.
Det er morgon den 18. april. Møtet med Stiftamtmannen skal snart koma ut av kontroll. To tusen strilar er komne til byen for å få svar frå kongens mann. Året er 1765 og Bergen er i sjokk.
– Det var ein ekstremt skremmande situasjon at så mange strilar kom til byen, sa Bjørn Arvid Bagge.
Bergen var ein verdsby med heile 13000 innbyggjarar. Byfolket følte seg av høgare rang. Det var eit sjokk å oppleva at strilane klarte å mobilisera på dette viset. Vi kan i dag lesa om hendingane denne aprildagen i stor detalj. Ein kommisjon vart sendt frå København for å finna bakgrunnen for det som hendte.
Sanninga
Bagge har no gravd fram meir stoff om korleis den historia eigentleg var.
– Det som er kalla Strilakrigen var eit opprør driven av fattigfolket i opplandet rundt hansabyen Bergen, og vi har funne masse materiale som kastar nytt lys over denne hendinga, sa Bagge.
– Eg synes ikkje du skal kalle boka Strilekrigen, for då har du tatt stilling. Du bør kalle boka Strileopprøret, for det var det det var, skyt strilen Ivar Steinsland frå Sund inn. Han er leiar for veneforeininga for skulemuseet i Sund kommune.
– Du har heilt rett. Men vi har brukt den offisielle nemninga, for å kommunisere kva konflikt vi har sett på. Men det er riktig at det var ikkje ein krig, men fattigfolks opprør mot styresmaktene, svarar Bagge.
Av Margit Liljan Apelthun, tekst og foto