Møte

Stril

Utkast til referat:

Møte om visjonen bak strilaforskning

Det vart skipa till møte om Strilaforskning i Fjell rådhus, tysdag 19.mai kl. 18.30.

Tilstades på møte:
Ole Konrad Ekerhovd.
Egil Sœle
Vigleik Brekke.
Asbjørn Landro
Sverre Sangolt
Even Golten
Ivar Fjeld
Line Steinsland
Margit Apelthun
Roald Apelthun.

Strilen og nynorsken var i fokus då 10 personar var samla for å drøfte visjonen om strilaforskning.
Strilen og nynorsken var i fokus då 10 personar var samla for å drøfte visjonen om strilaforskning.
Strilen og nynorsken var i fokus då 10 personar var samla for å drøfte visjonen om strilaforskning.

Ivar Fjeld orienterte om visjonen bak strilaforskning. Bak tiltaket står Ivar Fjeld, Asbjørn Landro og Margit Apelthun.

Fjeld meinte det ikkje er tilfrestillande at strilen ikkje kjenner til opphavet sitt.
– Det må forskast vidare på kven strilen er, og kva som er opphavet hans. Det er vanskeleg å skape ein trygg identitet om ein ikkje veit kven ein er, uttalte Fjeld.

– Menneske som har forska på tema knytt til strilen har ikkje dette som hovudoppgåve. Forskning på strilen har vore fragmentert og spreidd på mange fagområde. Ingen har samla kunnskap om strilane i eit elektronisk ressurssenter. No er det på høg tid at vi gjer dette, forklarte Fjeld.

Ole Konrad Ekerhovd gav utrykk for at han er uroleg for ståa for stilen og nynorsken. Det var ein uro dei fleste kunne slutta seg til. Ulike tiltak vart drøfta.

Sverre Sangolt orienterte om tiltaket “nytt i naust”, ein kunnskapsnase på nettet.

– Les om gode råd på Nytt i Naust var oppmodinga frå Sangolt. Han las også eit dikt av Jakob Sande.

Egil Sœle minna forsamlinga om at Aslak frå Hernar er omtala i Orkenøysagaen. Og at det er mange felles stadnamn i Øygarden og på Orkenøyane.  Han song ei gamal folkevise på Gaelisk. (gamalt Irsk).

Ein var samde om at visjonen bak strilaforskning hadde noko for seg, og at initiativtakarane måtte arbeide vidare med dette. Det må sendast inn søknadar til dei tre kommunane i region vest om midler til eit forprosjekt. Det må mobliserast ei knippe nœringslivsleiarar som kan lage ein strategi om korleis regionen kan styrka profileringa av strilen. Og samstundes gjere sogeturisme til god butikk.

Det kjem til å bli kalla inn til eit nytt møte over sumarferien.

Møte slutt kl. 21.30.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s