Nytt liv i gamle naust

Sverre Sangolt har fotografert  500 naust i Sund kommune. Han vil ha «Ryddigare strandsone».

Strilen må ta vare på dei gamle nausta, og blåse nytt liv i dei. Foto VestNytt.
Sverre Sangolt seier at strilen må ta vare på dei gamle nausta, og blåse nytt liv i dei. Foto avisa VestNytt.

– Gamle foto viser ei ryddigare og meir «skikkeleg» strandsone. I dag er det låg aktivitet i nausta, og
mange som ønskjer å skape ny aktivitet i nausta sine har kjempa med eit utfordrande regelverk. Eg er
oppteken av å ta vare på nausta og kystkulturen, seier Sverre Sangolt.

Du kan lese meir om prosjektet på heimesida til naust.org.

Sverre Sangolt heime i Skogsvågen.
Sverre Sangolt heime i Skogsvågen.

– Ei av dei største utfordringane for ein del naust er å få lovlege utsleppsløyve, privatisering av strandsona og estetikk. Ein nyttar ikkje dei same vindauga i naustet, som i huset og garasjen. Ein set ikkje opp gjerde rundt naustet. Ta omsyn til krav og retningsliner så får du dispensasjon, tilrår Sangolt.

Frå heimesida til naust.org

Publisert av Ivar Fjeld