Oldefar min, Peder O.Lie sin bestefar døydde av tuberkulose i dei dagar han drog mannskiten til bergensarar opp på bøen som gjødning.

Det var mange slike «møkakaiar» på Strilaladet. Ikke noko folk ville snakke om i ettertid, ei heller gjort til gjenstand for artiklar i Bergens Tidende eller doktoravhandlinger på Universitetet i Bergen. Strilen var avislaus til seint på 1960-talet. Og ingen i min generasjon har infomert underteikna om dette. Eit tema som er forsøkt gravlagt. Det er knapt ei skrifteleg kjelde å finne.
Dette siste store overgrepet mot havstrilar, som i all hovudsak mangla utdanning, fann stad på 1920-talet. Då drog havstrilen mannskiten til bergensararne opp på land, og forsøkte å bruke den til gjødning. Denne «glødninga» var fylt med litt av kvart. Som rustne nagler og glasskår som vart kasta i do-kaggane til byfolket. Og som førte til at ungar på Sotra skar seg under beina, og fekk infeksjoner, som med tid og stunder tok livet av dei.
Parallellen finnes hos strilane i Irland. Ta deg tid! Bli med på seminaret 19.september på Thon Hotel, Sartor klokka 11 til 15. Påmelding!