Det kan ha stått ei sag i Kvednelva mellom Skogsvatne og Kvalvika.

Skottane kan har truleg hjupe strilane med å få hogd ned eikeskogen. Det ligg eit vassfar bak Sauafjedle i dalen mellom Skogsvåg og Hammersland.
Frå avisa VestNytt, Fredag 15.mai. Her er linken. Les heile saka på VestNytt sine heimesider.
Den vesle elva renn nordover og ned i Skogsvatne. I Kvednelva ned til Kvalvika kan Skottane har kutta tømmeret i passande lengde.
Då “Skottetida” var over og skogen var borte, vart vassaga erstatta ved kvednsteinar. Dersom det ikkje vart betalt toll på denne tømmetrafikken, vart oppgjeret ikkje registert i skattebøker.
Det kan verke som om danskepresten ikkje ville vita om den pågåande skotthandelen, sidan den heller ikkje er skriven om i kyrkjebøkene. Mellom Litle-Kørelen og Kørelen ligg Hjeltebekken. Der har det stått eit kverhus. Hjeltland er det gamle namnet på Shetland. Eit av dei mest kjente skottnamna i regionen er Hjeltefjorden.
Skottane kan ha flytt tømmeret i Sund ut til Kjereide. Der er det berre 25 meter elv mellom Kørelen og havet, og ein terskel på knappe fire meter.

VestNytt har lagt ut på heimesidene sine, ei sak om at strilane kan har blitt røva vest i havet.På Wikipedia kan du lese om den irske folkesongen, Fair Nancy, som omtalar ein stril.
Skriven av Ivar Fjeld