Petter Dass er nøkkelen til omgrepet «stril».

Den skotske Dundas-klanen er nøkkelen til forstå opphavet til omgrepet stril i irsk og norsk. Og deira felles opphav. Den rike låglands-klanen til Petter Dass skapte strilar i Irland. Og Dass bruker ordet «stril» i 1702 om folk kring Osterfjorden.

Velkomen til mini-seminaret på Thon Hotel, Sartor. 19.september kl. 11-15. Der skal du få sjå dokumentasjonen.

Presten Petter Dass er frå Dundas-klanen i Skotland, låglandskottar som hadde sitt klan-sete ved Edinburgh. Medlemer i denne overklasse-klanen vart i 1609 settlarar i Ulster (Nord-Irland), og vart av den britiske kongen tildelt store eigedomar. Som dei ved hjelp av den britiske hæren stjal av slekta til keltiske høglands-skottar. Slik skapte Dundas-klanen «strilar». Som vart gjort til uflidde omstreifarar. Hetsa med, sett ned på og latterleggjord.

Korleis kan vi vite dette?

Då eg gjennoppdaga diktet og folkesangen til den irske-skotske Felim Mac Doubhgall vest av Galway, traff eg blink. Fordi «sedet», det gjennoppdaga opphavet til ein «stril» vert nevnt med namn i folkesongen. Han budde i nabolaget til Dundas-klanen sitt største domene i Irland, i distriktet Fermanagh i Ulster. Der hadde Dundas-klanen sheriffen, som administrerte landrøveriet.

Felim sjølv levde ca. 100 år etter «sedet» til ordet, omgrepet, og folket «stril» i Irland. Og budde sjølv i nabolaget til Dundas-klanen vest for Galway i Irland. Nær eit av Dundas-klanen sine to store domene i Irland. Han vaks opp på den vesle øya Inis Ni. Som ligg rett over for landbyen Rundstone i Connemara, der Dundas-klanen regjerte. Eg leitte etter spor i dette området. No hjelper Kunstig Intelligens (KI) med å få alle brikkene på plass. Dette verktøyet kan på få sekund scanne gjennom alt som har blitt skrive, og lagt ut på Internett om tema.

  • Kva har alt dette med Bergen, og Dundas-presten Petter Dass å gjere?

Den skotsk-ætta presten ville «kalla inn» strilar frå Osterfjorden. For å få gjenoppbygd brann-ruinen Bergen i 1702. Det er første gong ordet «stril» er framført på norsk. 7-8 delar av Bergen hadde brent ned. Og dei geistlige i Hansa-staden var i desperat trang for hjelp, fra folk dei såg ned på. Høglands-skottane dei hadde gjort til strandsitjaraer og eigedomlause husmenn kring Bergen. I 1702 var tømmer-skogen på Sotra alt fjerna av skotske tømmermenn. Det var berre torvmyrer att med store røter, som vitna om skogen som ein gong stod på Sotra. Men naud-hogst av skogane på begge sider av Osterfjorden ville gjere nytten, meinte Petter Dass. Skog på Holsnøy, i søndre-Lindås, kring Ostereidet og i gamle Hamre kommune sørvest på Osterøy.

Den største bybrannen i Bergen fann stad i mai 1702. Sju-åttande-delar av byen brann ned. Det fekk skotten med opphav i Dundas klanen frå Edinburgh, til å søke faghjelp av tømmermenn, som han kalla «Strilar» frå «Oster». Det vi må kunne tolke til å være personar som budde kring Osterfjorden. Dass bruker ordet: «Innkalle», dekkjer at det er gitt ein ordre. Slik kunne låglandskottar som Petter Dass, snakke til høylands-skottar, som i Skottland, i sær blant byfolk, såg på som sitt katolske tenestefolk.

I diktet om ein stril i Connemara, dukkar det opp ein kar som løyste mysteriet om strilen sitt opphav:

Kven var dette «sedet» til strilen?

Han var ein søtvins-musikkar ved namn Cathal Buí Mac Giolla Ghunna. Ein slags lokal irsk versjon av Johannes Kleppevik. Cathal budde på eit jordstykke ved landsbygda Blacklion i Ulster, og fekk ein folkevise-festival i bygda oppkalla etter seg. Ein festival som ikkje la inn årene før under Korona-epidemien. Den engelske versjonen av navet hans var Charles McElgunn, som er ein klan som hadde sete i sør-vest Skotland. Dette er ein blandingsklan som snakka både Norrønt og irsk.

Eg drog til Blacklion for å finne ut meir. Ein mur som skal ha tilhøyrd huset til Cathal fann eg og Roald Apelthun på jord-eigedomen «Morland». Som også er namnet på nabobygda til Fjell gard. Som har fleire spor etter skottar. Som hadde vandra inn til Fjeldlafjelde, og som lot seg registere som busette leigledningar frå og med året 1519. Dundass-klanen og sheriffen kjente svært sannsynleg til utskottet Charles McElgunn, sidan han budde i nabolaget. Og som samla store grupper av dei fattigste blant keltarane til leik og dans i regi av «Morlands-musikken»

«Streel»: (stril): Å rive noko i stykker

I gamal irsk betydde «Steel» blant anna å «rive i stykker». «To tear apart». Eller å bli slått med ein pisk. (Scourge). Seinare vart ordet brukt på uflidde kvinner og/eller på ein omstreifar. Den keltiske kulturen i Irland vart bokstaveleg tala riven i stykker. Dei forfulgte keltarane var ikke særskild «pene i tøyet». Dei vart fordrevne frå eigedomane sine av tysk-fransk-britiske settlar, (Normans frå Normandie og Anglo Saxen´s), og måtte flykte til Amerika. Kvifor dukkar ordet «Streel» opp på New Foundland? Og er nærmast ekslusivt brukt der? Når Irene på flukt skulle inn i den fransk-okkuperte St. Laurence-bukta, vart dei tatt inn til anstaltar for avlusing. (Kjelde: Boka “The coffin ships” (lik-kiste-skipa”. Difor valde somme av desse utskota frå Irland, å gå i land, søke tilflukt i villmarka på New Foundland, heilt ute ved iskanten. (Frå boka mi: “Strilen Irsk-skotsk”)

Av Ivar Fjeld, 06.07.26

Havstrilar sine DNA-treff på Mac Donald-klanen

For 10 år sidan DNA-testa eg 32 menn. 25 av dei Havstrilar med kjente-strile-fars-linjer. 17 av desse havstrilane har relevante DNA-treff på Mac Donalds klanen i Skottland, stadfesta av Family Tree DNA (FTDNA).

Mac Donald-klanen er høglands-skottar frå dei Indre-Hebridane. Klan-soga seier dei er etterkomarane etter Kong Somerled. Ein genetisk-blandings-klan som irene kalla Norse-Gales, eller «framand-Irer». Folk som snakka både irsk og norrønt.

At dei testa havstrilane har ein treff-rate på ca. 68 prosent på denne klanen, beviser ikke fars-slektskap med Mac Donalds-klanen. FTDNA dokumenterer det er 95 prosents sansynleg at ei slike fars-linje oppstod i tidsepoken 950 e.kr og 1.600 e.kr. 650 år er sjølvsagt lenge. Men saman med fleire ikkje-DNA-baserte likskaps-trekk, opnar DNA for at slike far-skap vart innstifta i tidsepoken til Kong Somlair (1100-1164 e.kr). Og funna av DNA-stikk-prøven styrker hypotesen om at strilen vandra inn til Bergens-området frå vest, etter at skattlanda gjekk tapt etter det sviande nederlaget ved Largs i Skottland i 1263 e.kr. At ordet “stril” finnes i både irsk og norsk, og betyr det same, er også med og styrkje hypotesen

Var Steingrim Stryl ein «stril»?

Vi kan ikke unngå å filosofere over kven Steingrim Stryl var. Og mange i Bergen vil meine at han var ein «stril», og kanskje til og med opphavmannen til dette folket som budde både som havstrilar på Sotra og i Fana. «Fana-strilar»

Men KI opnar opp for eit anna narrativ: Som passar betre med ein «ein klok og veltalande mann». Og sjølvsagt godt dressa opp. Ikke ein «stril».

Yes, Stryi, a historic city in the Lviv Oblast (Galicia) of western Ukraine, has a long tradition of well-dressed residents. During the Austro-Hungarian era and the interwar period, Stryi was home to a vibrant, culturally diverse, and relatively prosperous middle class of Ukrainian, Polish, and Jewish heritage who took immense pride in their attire. The fashion and clothing in the region were distinctively rich: Traditional Dress: Stryi is located near the Boiko and Hutsul ethnographic regions . The local populace—including affluent rural families and farmers—wore beautifully crafted, intricately embroidered pieces like the vyshyvanka (embroidered shirts), which were often adorned with beads and velvet . (KI)

(…)

Nordmenn ser på Snorre si framstilling av Haakon Haakonsen IV som ein helt. Og mykje var bra med Haakon, og lenge gjekk det meste bra. Han inngjekk ein militær – og handels-allianse med Spania, og henta ei kone frå Iberia. Haakon var ein verdsmann, og den siste vi kan kalla norsk riks-konge før det danske diktaturet senka seg. Haakon drog veksel på allierte i gode gamle Kievan Rus, dei so-kalla «vikingane» i aust. Som ikke var vikingar, men som var ein mix av russarar, og slaviske horder lengre aust frå. Som mest sannsynleg var dei irene kalla «svarte utlendingar», eller «Dubhgall». Som vart sett på som samtida sine terror-grupper som angreip kysten av Irland ca. 800 e.kr. (…) Snorre fekk ikke med seg at Haakon sitt kongerike gjekk til grunne i 1263, etter nederlaget ved Largs i dei Indre Hebridane. Snorre døydde i 1241.

Det som kjenneteikna Kievan Rus var tilgangen til Svartehavet og Konstantinopel, og ei reise dit via Finskebukta. Velstand. Særskild STRYi, ein oldtidsby kjent for rikdom og velkledde folk. Eit omgrep i Kievan Rus. Det er svært sannsynleg at dette riket var representert i Bergen under kroninga av Haakon. Noko Snorre beit seg merke i. Snorre er skalden som gjer oss kjent med Haakon sitt nettverk, som strakk seg heilt til Tyrkland i aust, der Odin kom frå.

Ivar
05.07.26

Strilen og ein massakre på Mac Donalds klanen i 1577

Var det denne massakren i dei Indre Hebridane, som førte til at medlemer av klanen rømde til nær-områda kring Bergen?

70 prosent av dei havstrilane eg har DNA-testa har Y-37, 12 markør-treff på Mac Donald klanen. Det betyr at desse strilane har felles far med medlemer av denne klanen, i moderne tid. Family Tree DNA (FTDNA) seier det er 95 prosent sannsynleg at dette far-son forholdet oppstod ikke tidlegare enn 950 e.kr. Og at det er stor sannsynlegdom for at dette nære slektskapet eksisterte ca. 1600 e.kr. Etter dette finn du ikke nærare DNA-slektskap mellom Mac Donalds-klanen i Skotland og havstrilane.

Eit klan-oppgjer som førte til massakre på 400 av Mac Donalds klan-medlemer i dei Indre Hebridene i 1577, kan være årsaken til at ein rest av Mac Donalds klanen rømde i alle himmel-retningar. Og somme enda opp som strandsitjarar og husmenn i eit område med ein radius kring Bergen på ca. 50 kilometer. Som vi i dag kallar «Strilalandet». Stril betyr på gælisk «uflidd kvinnfolk, og/eller omstreifar.” Som rømlingar til Norge på denne tida, måtte desse katolikkene skrive nyfødde inn i dei dansk Lutherske kyrkjebøkene. Det var ingen som ville vedgå at dei var ein katolsk Mac Donald-rømling. Namn og etternamn vart tilpassa den norrøne navne-tradisjonen som rådde på denne tida. Kanskje ført inn i Norge som Haakon Gregoriusson, osv? Seinare skulle navnet tilpassast skattemantalet, og etternavnet vart linka til gards og bruk-nummer, Glesnes, Landro, etc.

Av Ivar Fjeld, 03.07-2026.

Her er linken til fakta om det skotske klan-oppgjeret.

https://www.ancient-origins.net/news-history-archaeology/bones-reveal-gruesome-fate-scottish-clan-members-who-were-smoked-death-cave-021294