Irsk folkevise om ein stril

Blonde Nancy vert åtvara mot å tape hjarte sitt til ein stril. Omgrepet er på gamalt Irsk nytta om ein omflakkande person. Ordet er omset til  engelsk som: “a loafer”

 Bríd Ní Mhaoilchíarán syng songen om Fair Nanacy.
Bríd Ní Mhaoilchíarán syng songen om “Fair Nancy”. Blonde Nancy heiter på Irsk “Neainsín Bhán”. Du ser Brid syngje på videoen under.

.

Denne folkesongen er frå Connemara, vest for byen Galway på kysten av Irland.

Det gaeliske (Irske) ordet for stril er “sraoill”, “straoill” eller “straoille”. Omgrepet kan du finne i songen om “Fair Nancy” eller “blonde Nancy”.

Ordet “straoill”. vart først nytta i ei skriftleg kjelde i Irland i 1842. Men ordet og omgrepet er knytt til folklore og segn attende i vikingetida. I nyare tid vart ordet stril nytta til å identifisere ein uflidd person. Også I Irland vart ordet “stril” nytta som negative omtale av ein person.

Her er definisjonen av ordet på ei engelsk-gaelisk språkside, som også inneheld uttale av gaeliske ord.

 sraoill, f. (gs. ~e, pl. ~eanna). 1. Ragged person; bedraggled person; sloven, slattern. ~ fir, mná, tattered, slovenly, man, woman. 2. Trail. ~ éadaigh, trailing, tattered, garment. ~ deataigh, trail of smoke. (Var: ~e m & f)

Merk at fleirtals-ordet “straoilleanna” vœrt i Irland uttalt svœrt likt uttalen på strilamålet: “strilanna”.

Her er den engelske oversetjinga av songen. Ordet og omgrpeet stril er i utheva tekst:

Fair Nancy who is it you prefer,
 Some other man or myself? 
And Nancy I fancy you
 more than any other woman yet living. 
I thought you were finer than any other woman alive.
 But may any who would not praise you too, I be made speechless.

*On the first day of spring, I’ll prepare some land 
And I’ll make a dwelling of my own there, 
My family says that it is useless; sure,
 There is a great choice of fine young women. 
And I’ll have my pick of them,
 She will not be praised for her inheritance or wealth
 But for her quality and fine demeanour.

If you are going to the fair,
 Bring the ewe and the lamb,
 If you are setting up house,
 You should have your darling first.
  She should be a woman of dignity, integrity and good reputation.
 Showy wealth will not keep the home but do no let a miserable loafer entice you.

Fair Nancy på Gaelic (old Irish).

Is a Neainsín Bhán cé is ansa leat fear eile ná mé féin? 
Is a Neainsín dtug mé fancy duit I dtosach ar mhná an tsaoil.
 Mara shíl mé go mba bhréatha tú ná bean ar bith sa saol 
Ach smid chainte ná raibh I gceann an té nach molfadh leatsa mé.

*Is an chéad lá d’Earrach tóigfidh mé talamh is beidh áras agam fhéin
 Agus séard a dúirt mo mhuintir liom nach bhfuil aon mhaith I mo scéal
Óra níl ach togha ar ógmhná an domhain is beidh mo roghain díobh agam féin
Ní as a cuid ná a maoin a molfar í ach as a cáilíocht agus a dea-méin.

Is ma théann tú chun an aonaigh bíodh an chaora leat is a huan,
Is ma théann tú ag déanamh tíomhais bíodh do mhian agat ar dtús.
Óra bíodh sí maorga macánta is í molta as a cliú,
Ní barr maoine a tharbharfas chun tíobhais thú ach ná mealltar le straoill tú.

Det ligg fleire videoar og lydfiler med denne folkesongen på nettet. Under denne linja ligg det ei lydfil der Seosamh Ó hÉanaí syng om Neainsín Bhán (Fair Nancy):

Stril-lyd

Gaelisk er eit keltisk språk, som også vart snakka av trellar, eller slavane som vikingane fanga eller kjøpte på marknaden i Dublin.  Ordet har også ein engelsk versjon, som eit låneord frå gamalt Irsk.  Ordet: “Streel”.

På gamal gealisk er singel -s- mest som ein stum konsenant.  Dobbel englske vokal  -ee- vert på engelsk uttalt som ein – i -.  På gamalt gaelisk vert -ee- utalt som -œ-.  Dermed vert ordet “streel” til “strœl” og også hørt uttalt som “trœl”.  Ordet som vikingane brukte om slavar.

Det å kle seg “streelish” er for ein engelskmann, som når bergensaren snakkar om å kle seg “litt strilete”.  Ordet finnes også i hollandsk (dutch), og betyr omlag det same. Ved å trykke på ein lydknapp på nettsida til wiktionary kan du høyre uttalen på det hollandske ordet “streel”.

Her er linken til Wiktionary.

Les meir of forskning på opphavet til stilamålet ved å trykkje  på knappen “Språk” øverst på heimesida.

Dersom du veit noko om opphavet til ordet “stril”, send gjerne ein epost. ivarfjeld@yahoo.com

Publisert av Ivar Fjeld

Segn om kyrkje og funn av knoklar

I eit lydopptak frå mars 2014 fortel Gjertrud Trengereid Spilde om bestefaren Peder Mikkelsen Trengereid. Han bygde «Festningen» på Trengereidsleitet i Fjell kommune. Då bygget var sett opp kring år 1900, var bygningsarbeidet gjenstand for lott og løye.

Les meir om “Trengereidskyrkja” i VestNytt, ved å klkke på bilete.

Les detter oppslaget i VestNytt.
Les detter oppslaget i VestNytt.

Klikk også inn på denne videoen:

Publisert av Ivar

Skottesag ved Skogsvåg

Det kan ha stått ei sag i Kvednelva mellom Skogsvatne og Kvalvika.

Det var nok vassføring i kvednelva ned til Kvalvågen til å plassere ei
Det var nok vassføring i kvednelva ned til Kvalvågen til å plassere ei “skottesag”.  Eiketre vart frakta i vassfaret langs den raude streken.

Skottane kan har truleg hjupe strilane med å få hogd ned eikeskogen. Det ligg eit vassfar bak Sauafjedle i dalen mellom Skogsvåg og Hammersland.Vest4

Frå avisa VestNytt, Fredag 15.mai. Her er linken. Les heile saka på VestNytt sine heimesider.

Den vesle elva renn nordover og ned i Skogsvatne. I Kvednelva ned til Kvalvika kan Skottane har kutta tømmeret i passande lengde.

Då “Skottetida” var over og skogen var borte, vart vassaga erstatta ved kvednsteinar. Dersom det ikkje vart betalt toll på denne tømmetrafikken, vart oppgjeret ikkje registert i skattebøker.

Det kan verke som om danskepresten ikkje ville vita om den pågåande skotthandelen, sidan den heller ikkje er skriven om i kyrkjebøkene. Mellom Litle-Kørelen og Kørelen ligg Hjeltebekken. Der har det stått eit kverhus. Hjeltland er det gamle namnet på Shetland. Eit av dei mest kjente skottnamna i regionen er Hjeltefjorden.

Skottane kan ha flytt tømmeret i Sund ut til Kjereide. Der er det berre 25 meter elv mellom Kørelen og havet, og ein terskel på knappe fire meter.

Les denne artikkelen i VestNytt fredag 15.mai.
Les denne artikkelen i VestNytt fredag 15.mai. Den omhandlar korleis eikeskogen på strilalandet forsvann.

stril

VestNytt har lagt ut på heimesidene sine, ei sak om at strilane kan har blitt røva vest i havet.På Wikipedia kan du lese om den irske folkesongen, Fair Nancy, som omtalar ein stril. wiki

Skriven av Ivar Fjeld

Fleire jordkjellarar hos Even Golten

Det står tre jordkjellarar inne på eigedomen til Even Golten på Golta i Sund. Golten har funne flintstein og brotstykke av eit kokekar.

Even Golten ved ein av dei tre jordkjellarane. Denne har låg inngong.
Even Golten ved ein av dei tre jordkjellarane. Kjellaren har låg inngong. Det er ikkje godt å seie om det har budd folk her i oldtidssamfunnet.

På Golta i Sund står det mange jordkjellarar. Tre av dei er i eige av Even Golten. Den største vart modernisert kring 1930. På jordstykke utanfor har Golten funne ein flintstein og eit hjørnestykke av eit kokekar.

Ved den eine kjellaren har Golten funne flintstein og restar av eit kokekar.
Ved den eine kjellaren har Golten funne flintstein og restar av eit kokekar.

På ein av jordkjellarne har taka ramla ned. Denne jordkjellarane har ein svœrt låg opening.  Dersom det har budd før-Skottar på Golta, ville desse piktarane ha bygd hus men låg dør. Slik at dei måtte krype inn gjennom døra i huset.

Denne konstruksjonen var ein del av ein forsvarsteknikk, for å verna seg mot angripande Romerske soldatar.

Når du må krype inn i huset ditt, må fienden gjere det same. Når fienden stakk hovudet inn stod piktaren klar med øksa.

Dei gamle piktarhusa var bygde ned i bakken. Når dei stod i ei gruppe (cluster) var dei ofte knytt saman med underjordiske kanalar. Eit perfekt forsvarsverk for dei som måtte føre ein gerilliakrig mot fienden. Sjå videoen og høyr kva Even Golten seier om det han har funne.

Even Golten utanfor døra på den tredje kjellaren.
Even Golten utanfor døra på den tredje kjellaren.

Like ved snuplassen ved Golta står det også ei røykjestove tett ved vegen. Denne stova er i bruk.

Jordkjellane som står på Sotra og elles på Strilandet er ein del av ein keltisk byggeskikk frå oldtidssamfunnet. Dei mest moderne av desse kjellarane er bygd kring 1930 og nokre år frametter, og vart nytta som potetkjellarar.

Dei eldste kjente jordkjellarane står på øyer vest i Irland, og vart bygde kring 500 e.kr. Dei var hus og vandrarhytter som vart nytta av munkar som hadde vandra inn til Irland.

Jordkjellarane ligg på ei lita øy vest i Sund kommune.
Jordkjellarane ligg på ei lita øy vest i Sund kommune. Klikk for å sjå større foto.

Les meir om bruk av jordkjellarar opp gjennom tidene, ved å klikke på knappen “hus” øverst på heimesida.

Even Golten har restaurert nausta sine, og har ei ustilling av gamle båtar.

Ta kontakt med Even Golten på: egolten@online.no

Skriven av Ivar Fjeld

Nytt senter for forsking på strilen

Strilaforskning er eit senter for forsking på strilen. Målet er å arbeide for å finne svar på kva som er opphavet til strilen. Det skal også skapast interesse og debatt knytt til problemstillingar der strilen sitt liv og lagnad er tema.

Strilaforskning skal bli eit senter der problemstillingar knytt til strilen vert drøfta og forska på.
Strilaforskning skal bli eit senter der problemstillingar knytt til strilen vert drøfta og forska på. Firma-namnet “Sotra kystby” er berre nytta som ein illustrasjon.

Forskninga skal vere organisert som ei forening, og har tre satsingsområde:

1. Grunnforskning
2. Oppdragsforskning
3. Turverksemd.

1. Grunnforskning:

“Det underliggjande grunnlaget for fenomen”.

Det er framleis ei gåte kva som er strilen sitt opphav. Er strilen ein del av urfolket i områda kring Bergen, eller har han flytta inn?

Til det føreligg eit svar på dette spørsmålet, vil kunnskapen om strilen vere avgrensa til skriftlege kjelder som strekkjer seg attende til omlag1500 e.kr.  Det har vore gjennomført få arkeologiske utgravingar som kan bringe lys over soga før dette, og inn i folkevandringstida.

Grunnforskning på opphavet til strilen er eit hovudoppdrag for Strilaforskning.no

Grunnforskning er i all hovudsak forskning på tema av ikkje-kommersiell art. Dei er knytt til humaniora fag som språk, kultursoge,etnologi, folklore, musikk, og etsitikk.  Kjelde for finansiering av slik forsking vil i all hovudsak kome frå offentleg sektor.

Oppdragsforkning:

Anvendt forskning er å finne praktiske måtar å presentere grunnforskninga på, og gjere kunnskapen tilgjengeleg og relevant.

Det er framleis ikkje avklåra kva som er opphavet til strilen.
Det er framleis ikkje avklåra kva som er opphavet til strilen.

Denne typen forskning kallar vi også  “Oppdragsforskning”.  Det er eit mål at ny kunnskap frå ulike typar forskning skal bli gjort tilgjengeleg på utstillingar og museum. Den kan gjerne bli presentert som ein del av eit program under ein konferasen eller på eit seminar.

I all hovudsak er nœringslivet den viktigste kunden.  Oppdragsforsning kan nyttast i samband med runde dagar, minnemarkeringar og jubileum. Produktet som vert produsert  kan vere eit hefte, ei bok, ein presentasjon eller ein film.  Målet er at strilen skal bli profilert og bli gjenstand for interesse og debatt. Strileforskning kan lage maskottar, slagord, og profileringsmateriell.

Private slektstemner kan vere ei kundegruppe, saman med lokale, regionale og nasjonale lag og organisasjonar.

Turverksemd:

For a skape større interesse for strilen og tema knytt til forskning på strilen, kan Strilaforsknibg skipe til turar og reiser. Både i inn-og utland.

Irland, Hebridane, Orkenøyane, Shetland, Fœrøyane og Island er opplagte reisemål.

Også soge-senter på Moster, Avaldsnes og lokale museum på strilandet er verd ei sogereise.

Det må skipast til sogevandringar lokalt i Fjell, Sund, Øygarden og dei andre strilakommunane kring Bergen.

Bak visjonen om Strilaforskning står:

Margit Apelthun, margit@apelthunhouse.com

Ivar Fjeld, ivarfjeld@yahoo.com

Asbjørn Landro, asbjoland@hotmail.com

Skriven av Ivar Fjeld

Nytt liv i gamle naust

Sverre Sangolt har fotografert  500 naust i Sund kommune. Han vil ha «Ryddigare strandsone».

Strilen må ta vare på dei gamle nausta, og blåse nytt liv i dei. Foto VestNytt.
Sverre Sangolt seier at strilen må ta vare på dei gamle nausta, og blåse nytt liv i dei. Foto avisa VestNytt.

– Gamle foto viser ei ryddigare og meir «skikkeleg» strandsone. I dag er det låg aktivitet i nausta, og
mange som ønskjer å skape ny aktivitet i nausta sine har kjempa med eit utfordrande regelverk. Eg er
oppteken av å ta vare på nausta og kystkulturen, seier Sverre Sangolt.

Du kan lese meir om prosjektet på heimesida til naust.org.

Sverre Sangolt heime i Skogsvågen.
Sverre Sangolt heime i Skogsvågen.

– Ei av dei største utfordringane for ein del naust er å få lovlege utsleppsløyve, privatisering av strandsona og estetikk. Ein nyttar ikkje dei same vindauga i naustet, som i huset og garasjen. Ein set ikkje opp gjerde rundt naustet. Ta omsyn til krav og retningsliner så får du dispensasjon, tilrår Sangolt.

Frå heimesida til naust.org

Publisert av Ivar Fjeld